× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Kvalifiseringsprogram for norsk autorisasjon som sjukepleiar favoritt ikon

Universitet og høgskole
Kvalifiseringsprogram for autorisasjon som norsk sjukepleiar har som mål å komplementera utdanning til sjukepleiar som har sjukepleiarutdanning frå områda utanfor EØS/Sveits og som har fått avslag frå Statens Autorisasjonskontor.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Desentralisert

Studiepoeng

180

Om studiet

Studiet vert tilbode i sammarbeid med søkar sin arbeidsgivar, som må finansiera studiet, tilretteleggja for at søkar kan studera og leggja til rette for praksisplassar innan aktuelt fagområde.

Ved opptak til studieprogrammet vert den enkelte søkaren vurdert ut frå innsend dokumentasjon og avslag frå Statens autorisasjonskontor (SAK). Det vert utarbeida ein utdanningsplan for kvar enkelt student som viser kva for emne studentane må ta for at dei skal oppnå bachelorgrad i sjukepleie. Studentane vil delta i ulike emne som inngår i bachelor i sjukepleie, desentralisert studieløp og samlast i ei eiga klasse. Opplegget vil bli tilpasset individuelt basert på kva kandidaten har av utdanning fra før.

Kvalifiseringsprogrammet går over 2 år, men studietid vil variera avhengig av påpeika manglar frå SAK. Studentane må avleggja min 60 sp ved Høgskulen på Vestlandet. Kvalifiseringsprogrammet fører fram til graden Bachelor i sjukepleie og autorisasjon som sjukepleia

Studentar på kvalifiseringsprogrammet bør vere vaksinert mot tuberkulose (BCG) før dei startar på studiet. Sjå informasjon om medisinsk testing.

Undervisningsopplegg

Det blir lagt opp til 6-7 vekesamlingar á 2 veker per år i Bergen. Rettleia studiegruppesamlingar (8-15) og studentstyrte kollokviegruppesamlingar skjer så lokalt som råd er. Teoretisk kunnskap blir tileigna gjennom undervisning, samarbeid i grupper, oppgåveløysing / prosjektarbeid, internett og sjølvstudium.

Praksis

Praksisstudia vil så langt råd er skje lokalt. Praksis i spesialisthelsetenesta krev iblant at studentane må pendle/flytte frå lokalmiljøet for ein periode. Periodane med praksis vil vere på fulltid.

Informasjon om opptak

Neste opptak i 2020

Karrierevegar

Som sjukepleiar kan du arbeide i alle delar av helsetenesta: sjukehus, sjukeheimar, heimesjukepleie, førebyggjande helsearbeid, i bedriftshelseteneste, offshore, i ambulanseteneste og i internasjonale hjelpeorganisasjonar.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i sykepleie

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger