× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Kunst og handverk 1, 5-10 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du lærar, og ønskjer undervisningskompetanse i kunst og handver? Gjennom denne vidareutdanninga tileignar du deg eit fagleg og didaktisk grunnlag for å undervise i kunst og handverk for elevar på 5.-10. trinn.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Du lærer om

  • to- og tredimensjonale uttrykk
  • eit utval teknikkar, materiale, verktøy, formtradisjonar og uttrykk frå eigen og andre sin kultur
  • barn og unge si utvikling og bruk av visuelt språk
  • korleis tilrettelegge for fagleg utvikling hos barn og unge med ulike føresetnader og med ulik kulturbakgrunn
  • korleis planlegge, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og handverksfaget i samsvar med læreplanverket for grunnskulen

Studiet er bygd opp av to modular: Visuell kommunikasjon og digitale verktøy, og læring gjennom kunst. Arbeid med fagdidaktikk er integrert i begge modulane.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid og individuelt praktisk, skapande arbeid under rettleiing. Studiet er samlings- og nettbasert, med 3 to-dagarssamlingar og 3 nettsamlingar per semester.

Slik foregår nettsamlingane

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Informasjon om opptak

15. april

Tilbys ved:

  • Sogndal