× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Kroppsøving 3 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne vidareutdanninga passar for deg som er lærar i grunnskulen, og som treng påfyll og oppdatering på nye rammeplanar innanfor kroppsøvingsfaget.

Studienivå

Høgare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Vidareutdanninga er sett saman av to emne:

  • Undervisning, vurdering og læring i kroppsøving
  • Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv

Emna er på masternivå.

Gjennom studiet lærer du

  • kva det vil seie å vere og lære i bevegelse i ulike kontekstar
  • korleis fremje og vurdere gode aktivitetsvanar i kroppsøving
  • korleis kunnskap om fysisk aktivitet og læring av bevegelse kan lette arbeidet med å fremje gode aktivitetsvanar i kroppsøving
  • å analysere og vurdere motoriske ferdigheiter
  • om pedagogiske teoriar og didaktiske metodar som er sentrale for undervisnings- og læringsprosessar i kroppsøving og friluftsliv
  • om kva helseføremoner kroppsøving kan gi, og kunne argumentere for desse

Undervisningsopplegg

Studiet er bygd opp rundt teori og praktisk aktivitet i samlingar som kombinerer forelesingar, diskusjonar, seminarpresentasjonar og gruppearbeid.

Ei gjennomgåande arbeidsform er skriving av større og mindre akademiske fagtekstar. Studiet stiller krav om sjølvstendig fordjuping i pensumlitteraturen og aktiv tilnærming til problemstillingar vi tar opp.

Opptakskrav

Lærarutdanning (allmennlærar, grunnskulelærar, faglærar, førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Informasjon om opptak

15. april

Tilbys ved:

  • Sogndal

Lignende utdanninger