× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Kommunikasjon og språk blant dei yngste i barnehagen favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar i barnehage, barnevernspedagogar, spesialpedagogar eller personar med anna relevant utdanning. Tema er knytt til dei yngste barna i barnehagen og til satsingsområdet Kommunikasjon og språk frå planen Kompetanse for framtidas barnehage.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Gjennom studiet skal studentane tileigne seg ny og relevant kunnskap om barn i aldersgruppa 0-3 år. Studiet fokuserar på språk- og kommunikasjonsutvikling hos dei yngste barna, og verdien av språk og kommunikasjon for små barns relasjonar og utvikling. Studiet vektlegg dei ulike måtane små barn kommuniserer med omverda, til dømes gjennom ord, gestar, teikn, kroppshaldning, rørsle og mimikk. Deltakarane får auka kompetanse om språkstimulering av dei yngste, til dømes gjennom bruk av samtalar, småbarnslitteratur, forteljing og song. Både kvaliteten på evna til samspel hos dei vaksne og tydinga av samspel mellom barn vil bli vektlagde.

I studiet har norsk eit omfang på 15 studiepoeng, pedagogikk 10 studiepoeng og bruk av teikn 5 studiepoeng.

Undervisningsopplegg

Studiet er organisert som ein kombinasjon av samlingar ved Høgskulen på Vestlandet og nettbasert arbeid. Det er eit deltidsstudium over to semestre.

Opptakskrav

Fullført førskule-/barnehagelærarutdanning, barnevernspedagogutdanning eller spesialpedagogutdanning.

Informasjon om opptak

15. april

Kvalifikasjon/tittel

Halvårsenhet

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger