× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Interkulturell pedagogikk og fargespelmetodikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Interkulturell kompetanse utviklast ved å ha fokus på ressursane til barn og unge, ved å arbeide med anerkjenning og gjensidigheit, samtidig som vi stiller forventningar om og plikter til å bidra i fellesskapet.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

15

Semester

2

Om studiet

Studiet skal auke deltakarane sin kompetanse innan temaet fleirkulturelle læringsmiljø og har ei tverrfagleg, praktisk og teoretisk tilnærming for å hjelpe lærarar til å utvikle læringsarenaar med fokus på mangfald som ein ressurs.

Målgruppa er primært lærarar som arbeider med barn og unge i barnehage, grunn- og vidaregåande skule eller kulturskule. Det er tilrådd at minst to personar frå kvar arbeidsplass deltar i studiet.

Utdanninga har følgande hovudtema:

Ressursfokus og forventningar

  • Interkulturell pedagogikk
  • Språk - identitet, samhøyrsle og relasjon. Kva er språkkompetanse?
  • Samfunnsmessige og politiske rammer og føringar for fleirkulturelle læringsmiljø

Anerkjenning, gjensidigheit og respekt

  • Kommunikasjon og improvisasjon
  • Grunnleggande haldningar og verdiar
  • Fordommar og forståing

Mangfald som premiss og metode

  • Kreativitet og musikk som kommunikasjonsmiddel/-form
  • Kultur, makt og demokratisk kompetanse

Første del av studiet vil ta utgangspunkt i kva som ligger i omgrepa «interkulturell pedagogikk» og «fargespillmetodikk». I andre del av studiet skal deltakarane øvast i å utvikle eigne, konkrete prosjekt i sine respektive læringsmiljø.

 

Studiet er blitt til i eit samarbeid mellom Fargespel og Høgskulen på Vestlandet, og tar utgangspunkt i dei pedagogiske ideane og den praktiske metodikken som Fargespel bygger på. I denne utdanninga koplar vi dette til pedagogisk teori og arbeid med ulike fag/emneområde i barnehage og skule.

Studiet er samlingsbasert og går over to semester. Det leggast opp til tre samlingar per semester, og samlingane blir haldne i Bergen. Undervisninga vekslar mellom praktiske eksempel, demonstrasjonar, øvingar, teoretiske innføringar og drøftingar av desse. Det forventast stor grad av medverknad og aktiv deltaking både under og mellom samlingane.

Opptakskrav

Studiet er eit vidareutdanningskurs for lærarar og krev barnehagelærar-/lærarutdanning eller tilsvarande. Det er ingen krav om musikalske forkunnskapar til kurset.

Informasjon om opptak

18. juni 2018

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning