× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Ingeniørfag - elektro, energi, elkraft og miljø, bachelorstudium, Y-veg favoritt ikon

Universitet og høgskole
Har du lyst til å jobbe med framtidas utfordringar? Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er i dag eit stort fokus på fornybar energi. Denne bachelorutdanninga gir spennande jobbmoglegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Y-vegen er eit tilbod til deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.

Sommarkurs i matematikk

Du startar med eit 6 veker langt matematikkurs (måndag-fredag) sommaren før du begynner på første året av bachelorutdanninga. Oppstart er i slutten av juni (oppstartsdato blir lagt ut på denne sida i løpet av januar). Pensum omfattar det vesentlege av R1 og R2.  

Gjennom studiet lærer du om

  • kraftproduksjon og overføring og forbruk av kraft, alt sett inn i ein miljøsamanheng
  • programmering, målesystem og programmerbare logiske styringar
  • elektriske anlegg
  • elektriske maskiner og installasjonar
  • høgspenning og kraftelektronikk

Studiet har fokus på miljøvennleg energiproduksjon, og gir ei brei oversikt over utviklinga på energiområdet.

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Opptakskrav

Yrkesfagleg utdanning, minimum 12 månader relevant praksis (læretid i bedrift blir godkjent dersom relevant). Du må i tillegg ha relevant fagbrev.

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

  • Energibransjen har stort behov for fagfolk. Du blir kvalifisert til å jobbe med alle typar energiproduksjon
  • Prosjektering av elektriske og elektroniske system
  • Konsulent og elektro-entreprenør, føre tilsyn med elektriske anlegg
  • Arbeid offshore er like aktuelt som arbeid på land

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4., 5. eller 6. semester.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag