× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Ingeniørfag - elektro, automatiseringsteknikk, bachelorstudium, Førde favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du interessert i elektronikk og data? Då er automatiseringsingeniør noko for deg! Studiet er praktisk retta, og du får utfalde deg på ingeniørlaben vår. Som elektroingeniør blir du ettertrakta på jobbmarknaden.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Du lærer om

  • automatiseringsteknikk som plasserer deg midt i skjeringspunktet mellom data og elektro
  • elektronikk, data, styrings- og reguleringsteknikk, instrumentering og måleteknikk
  • data som hjelpemiddel, programmering, regulering, datainnsamling og datalagring

I tredje studieår kan du spesialisere deg innan til dømes byggautomatisering eller energiteknologi.

Prosjektoppgåver og bacheloroppgåve skjer i samarbeid med næringslivet, noko som gir deg ein unik sjanse til å komme i kontakt med framtidige arbeidsgivarar.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar og prosjektarbeid. Vi gir deg tett oppfølging gjennom heile studiet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1+ R2 og Fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskule frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkjarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

Informasjon om opptak

15. april (1. mars for y-veg og tresemesterordning)

Karrierevegar

Som elektroingeniør arbeider du med forbetring av eksisterande teknologi og utvikling av nye teknologiske løysingar.

Du kan jobbe innan

  • databransjen eller andre høgteknologiske bedrifter
  • oljebransjen, både offshore og på land

Det er stort behov for ingeniørar i næringslivet. Studentane våre er ettertrakta, og dei aller fleste får gode jobbtilbod før dei er ferdig utdanna.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4., 5. eller 6. semester.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Førde

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

25

Søknadskode (SO)

203005

Lignende utdanninger