× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Informasjonsteknologi, Førde favoritt ikon

Universitet og høgskole
Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, som for eksempel i helse og omsorg, nyhende og media, handel og energiforsyning.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Utdanninga gir deg ei grunnleggande og brei utdanning innan IT-faget, men er ikkje eit ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga har du fag som matematikk og samfunnsfag, og utdanninga krev interesse og sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang.

Gjennom studiet lærer du

  • korleis datamaskiner fungerer
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar, kunstig intelligens og webbaserte system
  • å programmere appar og utvikle store IT-system som til dømes Word og Facebook
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling

I siste del av studiet kan du velje å spesialisere deg innan programutvikling, drift av datasystem, web- og mobilteknologi, datagrafikk eller kunstig intelligens og algoritmar.

<a href= "https://www.hvl.no/studier/studieprogram/informasjonsteknologi/"> Vi tilbyr denne utdanninga ved to campusar.</a> Det kan vere lurt å søke begge stader.

Utdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som <a href= "https://www.hvl.no/data/"> dataingeniørutdanninga ved HVL.</a> Den IT-faglege kompetansen i dei to studia er dermed den same. Hovudforskjellen ligg i nokre av matematikkfaga og opptakskrava.

Undervisningsopplegg

Dette er ei teknisk utdanning som stillar krav til god arbeidsinnsats. Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalab, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium og gruppearbeid.

 I nokre emne følgjer du undervisninga frå IT-studiet på campus Bergen via strøyming og filmmodular.

I siste del av studiet skriv du bacheloroppgåve saman med ein eller to medstudentar, der de skal utvikle eit lite datasystem. Tema for prosjektet blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og det kan også utførast utanlands.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller Matematikk S1 + S2).

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar. Du blir godt rusta for ein interessant jobb innan ein arbeidsmarknad som etterspør stadig meir IT-kompetanse, både i privat og offentleg sektor.

 

Du kan blant anna jobbe med

 

  • programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt
  • utvikling av webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande
  • innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i siste del av utdanninga.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i informasjonsteknologi

Tilbys ved:

  • Førde

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

25

Søknadskode (SO)

203829