× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Idrett og kroppsøving, bachelorstudium, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Bachelor i idrett og kroppsøving passar godt for deg som vil bli kroppsøvingslærar, trenar, leiar i idrettsorganisasjonar eller jobbe innan den kommersielle treningsbransjen. Gjennom studiet kan du også ta trenarutdanning i fotball.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Vi brukar den storslåtte naturen i Sogn og dei gode lærings- og treningsfasilitetane på campus i undervisninga.

 

Du lærer

  • å bygge opp idrettsaktivitetar i skule og fritid
  • å planlegge, gjennomføre og analysere fysisk trening
  • om idrettsfordjuping, ferdigheitslæring, coaching og sport, kultur og leiing
  • om idrettsaktivitetar som ballspel, fotball, svømming og orientering

Dersom du vil ta trenarutdanning i fotball, vel du Fordjuping fotball som eit av valemna dine. Arbeidskrav og praksis i 2. og 3. år vil vere retta mot fotballfeltet, og du skriv bacheloroppgåve retta mot fotballfeltet.

Ved å velgje emnet Global Knowledge tileignar du deg tverrkulturell kompetanse og global forståing, og har praksisopphald i Zambia eller på Madagaskar.

Første studieår utgjer idrett årsstudium. Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller tilsvarande, kan du søke opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, prosjektarbeid og individuelt fordjupingsarbeid.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Du blir kvalifisert for ulike jobbar innan skule og idrett, i den kommersielle treningsbransjen, offentleg sektor, private føretak eller mot vidare forsking.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

34.60 (primær)
34.10 (ordinær)

Studieplasser

20

Søknadskode (SO)

203485

Lignende utdanninger