× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

HMS-kultur og leiing: Beredskaps- og kriseleiing favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er oppretta gjennom eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Falck Nutec AS, og gir deg grunnleggande teoriar innan fagfeltet beredskaps- og kriseleiing. Undervisninga vil veksle mellom teoretisk gjennomgang og øving på å bruke teoriar og modellar i praksis. Studiet tar for seg beredskap og krise både frå eit leiings- og organisasjonsperspektiv samt gir innsikt i individet sine reaksjonar på kriser og handtering av dette

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

15

Semester

1

Om studiet

Studiet består av følgjande hovudtema:

  • grunnleggande omgrep, modellar og teoriar innan fagområdet beredskaps- og kriseleiing
  • sentrale leiingsoppgåver og -funksjonar innan ulike organisasjons- og leiingsperspektiv
  • organisering av beredskaps- og kriseleiing i gitte kontekstar og situasjonar
  • korleis individ reagerer på kriser.

Etter gjennomført studium skal du vere i stand til å gjennomføre ein beredskapsanalyse og utarbeide beredskapsplan for eigen organisasjon. På bakgrunn av analyse av kontekst og situasjon skal du kunne bruke kunnskapane dine om adekvat leiingsutøving og handtere menneske som råkast av kriser.

Informasjon om opptak

Planlagt ny oppstart høst 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen