× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Historie, bachelorstudium, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Som historiestudent går ut av din eigen situasjon i tid og rom, og øver deg i å forstå korleis menneske i fortida tenkte og handla, og kvifor. Du studerer alle sider av samfunnet - frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear og sosiale forhold.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Du lærer om norsk, europeisk og global historie, og ser på historiske hendingar både frå eit individperspektiv og frå eit globalt fugleperspektiv.

Du lærer om

  • eldre og nyare historie, samtidshistorie og lokalhistorie
  • globalisering og korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle (som konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar)
  • historievitskapleg metode
  • korleis historiefagleg kunnskap og ferdigheiter blir brukt i relevante yrke

I 2. studieår står du fritt til å velje eit årsstudium, eller sette saman ulike emne frå HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands. I 3. studieår skriv du bacheloroppgåve om eit historisk emne du interesserer deg for.

Med fullført årsstudium (og tilrådd studieløp) i historie kan du søke opptak direkte til 2. år.Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing, ekskursjonar og øving i formidling til ulike målgrupper.

Historiefaget set store krav til kjeldekritikk, og vi har fokus på logisk tenking, rasjonell argumentasjon, kritisk analyse av tekstar og tydeleg kommunikasjon.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Med ein bachelor i historie tileignar du deg mange ferdigheiter som er etterspurde i arbeidslivet: Evne til sjølvstendig, kritisk og heilskapleg tekning, kunnskap om innhenting og analyse av store og komplekse informasjonsmengder og forståing av endringsprosessar i samfunnet.

Du kan mellom anna jobbe med

  • prosjektarbeid, rådgiving, opplæring og saksbehandling i offentlig og privat sektor
  • strategi-, analyse- og informasjonsarbeid i næringslivet
  • arkiv, museum, media og forlag
  • kommunikasjon, marknadsføring og nye media
  • kultur, underhaldning og reiseliv
  • politikk, organisasjonar, internasjonalt arbeid, stiftingar og tenkjetankar
  • sjølvstendig arbeid som konsulent, frilansar eller gründer

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 3. og/eller 4. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

20

Søknadskode (SO)

203481