× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Havteknologi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Med ei utdanning i havteknologi får du jobbe med framtidas viktigaste ressurs - havrommet.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2020

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Du kan utdanne deg som ingeniør i havteknologi med fordjupning i havbruksteknologi eller petroleumsretta undervassteknologi.

I havbruksteknologi lærer du å forstå samspelet mellom organisme, miljø og teknologi i produksjonsprosessen. I petroleumsretta undervassteknologi lærer du om teknologi for utvinning og behandling av olje og gass, boring, komplettering, i tillegg til drift og vedlikehald av produksjonseiningar.

Begge utdanningsretningane har fokus på overvaking av miljøet, for all utvikling i havet må utførast på ein berekraftig og god måte.

Under utdanninga har vi nært samarbeid med næringa, og det er moglegheit for utplassering i praksis, ekskursjonar og oppgåveskriving i ein verdsleiande industri. Bli med på eventyret - med eit hav av moglegheiter.

Undervisningsopplegg

Du får tradisjonell klasseundervisning og praksis, gruppeoppgåver, laboratorieoppgåver og innleveringsoppgåver. Mange av faga har prøvar undervegs, i staden for tradisjonell eksamen, og det er derfor større krav til jamleg fysisk oppmøte enn ved mange andre studium.

Fleire av faga har engelske lærebøker, og nokre av faga kan bli underviste på engelsk.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

For ein havteknolog er det arbeidsplassar over heile verda. Den tverrfaglege utdanninga gjer deg i stand til å arbeide på ei rekke felt i havrommet, i energisektoren, havbruksindustrien, hos leverandørbedrifter og i rådgivande bedrifter. Du kan også få jobb i annan industri som treng ingeniørar med bakgrunn innan mekanikk og/eller elektronikk.

Utveksling

Du kan ta det siste semesteret ved ein av våre samarbeidspartnarar i Australia, USA eller Skottland. Dette semesteret består av valfag.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

45

Søknadskode (SO)

203096