× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Gottman parterapimetode favoritt ikon

Universitet og høgskole
Den overordna målsetjinga med studiet er å gi fordjupingskunnskap og praktiske ferdigheiter i Gottman parterapimetode. Metoden er særs godt eigna i allmenn parterapi, i arbeid med par i foreldrerolla og som tilnærming til par med særlege utfordringar knytt til rus, trauma og sinne.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

4

Om studiet

Metoden er internasjonalt anerkjent og blir brukt breitt over heile Europa og USA. Metoden er utvikla av den amerikanske psykologen Dr. John M. Gottman, og har veldokumentert effekt basert på 40 års forsking og utprøving.

Målgruppe
Studiet vender seg til alle fagpersonar som arbeider med par i arbeidskvardagen sin.

Organisering

Studiet er eit deltidsstudium på 30 studiepoeng over tre semester. Undervisning blir gitt som 3 samlingar på 3-4 dagar per semester, til saman 30 undervisningsdagar.

Undervisninga vekslar mellom forelesningar, arbeid og øving i grupper samt rettleiing av deltakarane sitt arbeid med par. Studiet har avsluttande klinisk eksamen.

Fagansvarlig i studiet

Sari Lindeman, høgskulelektor, doktorgradsstudent i familieterapi. Fagansvarleg for vidareutdanninga i Systemisk familieterapi og nettverksarbeid ved Høgskulen på Vestlandet.

Ressurser tilknyttet:

Olea Smith-Kaland, Master of Social Work og klinisk sosionom, Høgare vidareutdanning i familieterapi ved Diakonhjemmets Høgskole, og The Institute of Family Therapy, London, Gottman certified consultant.

Karin Barth, spesialist i psykiatri, psykoterapeut og rettleiar (Norsk forening for psykiatri) og familieterapeut og familieterapirettleiar. Studieleiar for familieterapiutdanning ved Regionalt kunnskapssenter for barn og unge si psykiske helse i perioden 1997 -2010.

Viser til studieplanen for meir detaljert informasjon om organisering og innhald i studiet.

Opptakskrav

Gjennomført utdanning som psykolog, lege eller relevant grunnutdanning og vidareutdanning i familieterapi, 60 sp, eller tilsvarande og høve til å arbeide med par i arbeidskvardagen sin.

Informasjon om opptak

Opptak høsten 2018.
Frist: 15. mai 2018:
Det er ved fristens utløp ledige plasser, så det er fortsatt mulig å søke.

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen