× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Friluftsliv, bachelorstudium, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Bachelor i friluftsliv er ei utdanning for deg som ønsker å jobbe med menneske i naturen. Du vil få kunnskap og ferdigheiter til å formidle natur- og meistringsglede til ulike grupper i samfunnet på ein sikker måte.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2020

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Campus Sogndal ligg tett på fjord og fjell med Sognefjorden og nasjonalparkane Jotunheim, Breheimen og Jostedalsbreen som næraste nabo. Nærheita til naturen gjer at vi driv kortreist og variert friluftsliv. Utdanning gjev brei erfaring frå varierte naturtypar til ulike årstider, med fordjuping i aktivitetar som nordisk og alpin skiferdsel, klatring, havkajakk og brevandring.

Gjennom studiet blir du ein trygg vegleiar som kan gi gode naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar. Kort veg til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga.

Gjennom studiet lærer du:

  • å planlegge og gjennomføre turar i ulike miljø (padling, klatring, ski, bre og fotturar)
  • å tilpasse turar for ulike grupper og evner
  • grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv sommar og vinter
  • om teoretisk perspektiv på friluftslivets historie, friluftsliv i dagens samfunn, naturfilosofi, friluftslivspedagogikk og -forvaltning.
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver

Det første studieåret utgjer årsstudium i idrett. Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom teoretisk undervisning og praktisk aktivitet, med forelesingar, ekskursjonar, prosjekt- og gruppearbeid, individuelle oppgåver, individuell rettleiing og praksis. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring og eigeninnsats.

Informasjon om opptak

15. april

Vidare studium

Karrierevegar

Utdanninga gir deg kompetanse til å t.d. jobbe på folkehøgskule, med friluftsliv i helsesektoren, med naturbasert turisme og i lag- og organisasjonar. Ønsker du å jobbe vidare med forsking knytt til fysisk aktivitet og helse kan du bygge på med ei masterutdanning. Med praktisk-pedagogisk utdanning er du kvalifisert til å undervise i idrett og kroppsøving i skuleverket.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

38.80 (primær)
44.60 (ordinær)

Studieplasser

25

Søknadskode (SO)

203302

Lignende utdanninger