× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Fornybar energi, bachelor, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Stadig større produksjon og bruk av fornybar energi har skapt eit behov for personar med tverrfagleg kompetanse innan teknologi, miljø, arealplanlegging og økonomi. Ein bachelor i fornybar energi gir deg denne kompetansen.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Utdanninga gir deg ein heilskapleg og tverrfagleg kompetanse med vekt på grunnleggande kunnskap om energiteknologi, økonomi, miljø og arealplanlegging.

Gjennom studiet lærer du

  • om energisystemet og teknologi knytt til produksjon, distribusjon og bruk av energi,
  • om fornybare energikjelder som bioenergi, vindenergi, vasskraft og solenergi,
  • å analysere miljøkonsekvensar ved produksjon og bruk av energi,
  • å gjennomføre konsesjonssøknader for energiselskap.

For at du skal komme tett på fagfeltet du utdannar deg til, reiser vi på ekskursjonar og feltarbeid. Du møter også folk frå energibransjen gjennom gjesteforelesingar.

Undervisningsopplegg

Undervisninga omfattar forelesingar, lab- og feltarbeid, gruppe- og prosjektoppgåver og seminar.

Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne om gongen, med avsluttande eksamen, før vi begynner på neste emne.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

  • Miljørådgivar-, saksbehandlar- og planstillingar i det offentlege.
  • I kommunar/fylkeskommunar/direktorat/konsulentfirma (mellom anna med konsekvensanalysar).
  • Rådgivarstillingar på kommunalt og fylkeskommunalt nivå (arbeid med klimaplanar, analysearbeid, konsesjonsbehandling med meir).
  • Energiselskap med oppgåver innan konsesjonsprosessar, økonomiske vurderingar og grunneigarkontakt.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 4. eller 5. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
40.0 (ordinær)

Studieplasser

25

Søknadskode (SO)

203835