× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Forkurs for ingeniør- og sivilingeniørutdanning favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vil du ta ingeniørutdanning, men dekkjer ikkje opptakskravet? Etter dette eittårige forkurset kan du søke opptak til ingeniørutdanningar ved HVL og andre utdanningsinstitusjonar.

Studienivå

Forkurs

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Semester

2

Om studiet

Forkurset inneheld desse faga:

  • matematikk
  • fysikk
  • kommunikasjon og norsk
  • teknologi og samfunn

Dersom du har nokre av faga frå før, kan du søke om fritak for desse.

Kurset gir ikkje generell studiekompetanse.

Minst 20 prosent av studieplassane ved alle ingeniørstudium er reservert for kandidatar som har tatt forkurs for ingeniørutdanning. For å konkurrere om desse plassane må du ha fullført forkurs (minimum 30 timar per veke.)

Arbeidsmengden tilsvarer 100 prosent av fulltidsstudium

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Du får tett oppfølging gjennom heile året.

Informasjon om opptak

15. april 2020

Vidare studium

Kvalifikasjon/tittel

Fullført - 1-årig forkurs for ingeniørutdanning

Tilbys ved:

  • Førde

Lignende utdanninger