× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Felles masterprogram i programutvikling favoritt ikon

Universitet og høgskole
Vil du arbeide med utvikling av komplekse datasystem og programvare? Master i programvareutvikling gjer deg spisskompetanse i avansert datateknologi.

Studienivå

Master, 2 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Dette studieprogrammet er ein fellesgrad som Høgskulen på Vestlandet og Universitetet i Bergen tilbyr i fellesskap.

 

Gjennom studiet får du breiddekunnskap om moderne teknologiar og metodar for programutvikling, og det teoretiske fundamentet for programmeringsspråk og algoritmar. I tillegg får du spisskompetanse innan eit smalare område som modellbasert programvareutvikling, maskinlæring, datasikkerheit, datagrafikk, VR-teknologiar eller helseinformatikk.

 

Etter ferdig utdanning vil du vere godt rusta til å arbeide med utvikling og integrasjon av komplekse datasystem og programvare innanfor både tekniske og administrative bruksområde.

 

Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har dataingeniørutdanning eller ein bachelorgrad innan eit fagområde som informatikk eller informasjonsteknologi.

Undervisningsopplegg

Ei masterutdanning krev omfattande arbeidsinnsats. Studiet består av 60 studiepoeng med kurs, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.[Tekstbrytingsskift]I dei emna som du tek i studiet vil du møte eit variert utval av arbeidsformer, både førelesningar, praktiske øvingar, større prosjektoppgåver og sjølvstudium, og på den måten tileigne deg kunnskapar og ferdigheiter innan både praktisk programutvikling, programutviklingsteori og forskingsmetodikk.

I siste del av studiet jobbar du med masteroppgåva, der du tek i bruk det du har lært i eit større prosjekt der du utforskar ein vitskapeleg problemstilling. I dei aller fleste masterprosjekta er utviklinga av programvare knytt til problemstillinga, ein sentral del av oppgåva.

Ved HVL kan du velje oppgåver knytt til forskingsgrupper for datagrafikk, modellbasert programutvikling, grid computing, maskinlæring, datasikkerheit og helseinformatikk. Med utgangspunkt i desse gruppene blir det gitt undervisning i valemne innan modellbasert programvareutvikling, maskinlæring, grid- og cloud-teknologiar, datagrafikk og helseinformatikk, i tillegg til at rettleiarar også kan legge opp spesialpensum som er direkte relatert til masteroppgåva.

Opptakskrav

Bachelorgrad med minst 80 studiepoeng med matematikk og datafag, der minst 40 studiepoeng er datafag og minst 20 er matematikk. Opptakspoenga blir rekna ut på grunnlag av dei 40 beste studiepoenga datafag, dei 20 beste studiepoenga matematikk, og så dei 20 beste studiepoenga datafag eller matematikk utanom dette. Søkarar må ha minst C i snitt på desse faga, men opptaksgrensa kan ligge høgare.

 

Universitetet i Bergen er ansvarleg for opptak til studiet.

Informasjon om opptak

15. april (for studiestart i august) og 1. november (for studiestart i januar).