× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Familieterapi og nettverksarbeid favoritt ikon

Universitet og høgskole
Høgskulen på Vestlandet tilbyr to-årig vidareutdanning på deltid for deg som jobbar med å hjelpe mennesker i håndtering av konfliktfylte relasjonar og utfordrande livssituasjonar.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

60

Semester

4

Om studiet

Målgruppe
Vidareutdanninga er eit tverrfagleg tilbod og vender seg til fagpersonar i helsevesenet, i barne- og familievernet og i skule- og oppvekstsektoren.

Dette er eit tilbod til deg som ønsker å bli betre i å hjelpe menneske i handtering av konfliktfylte relasjonar og utfordrande livssituasjonar i familie, arbeidsmiljø, skule- og nærmiljø.

Sentrale tema i vidareutdanninga

  • Innføring og praktisk øving i sentrale samtalemetodar som Løft, narrativ terapi, systemisk familieterapi og nettverksdialogar
  • Parterapi, nye familiekonstellasjonar, foreldrerettleiing og samlivsstyrkande tiltak
  • Nettverksarbeid og konflikthandtering
  • Mobilisering av familie- og vennenettverk ved kriser og katastrofar
  • Overgrepsproblematikk og vald i nære relasjonar
  • Familiebaserte behandlingsformer ved sjukdom hos barn/ungdom
  • Barn og vaksne som pårørande
  • Tryggleik i samtalar om vanskelege tema

Vidareutdanninga kvalifiserer for jobb som familieterapeut. Studiet kvalifiserer også til inntak på dei to siste åra av masterstudiet i familieterapi og systemisk praksis ved VID Diakonhjemmet i Oslo.

Organisering

Undervisninga består av 4 vekesamlingar per studieår.
Parallelt med studiet skal studenten ha gjennomført 120 timar rettleiing og kunne dokumentere minimum 100 timar praksis i klinisk arbeid.

Opptakskrav

Krav til opptak er bachelor innan sosialt arbeid, barnevern, vernepleie, sjukepleie, pedagogikk eller tilsvarande, og to års relevant praksis. Anna høgare utdanning og realkompetanse kan etter individuell vurdering kvalifisere til opptak.

Informasjon om opptak

Nytt opptak høsten 2018.
Frist: 15. mai 2018

Studiestart forutsetter opptak av minimum 25 studenter

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning