× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Engelsk årsstudium favoritt ikon

Universitet og høgskole
I eit stadig meir internasjonalt samfunn vil årsstudium i engelsk vere nyttig i mange samanhengar. I store delar av arbeidslivet vil gode engelskkunnskapar vere etterspurd. Ved vidare studium vil du vere godt rusta til å lese engelsk pensumlitteratur og ta eit studieopphald i utlandet.

Studienivå

Årsstudium

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

60

Semester

2

Om studiet

Studiet gir deg god trening i å bruke engelsk skriftleg og munnleg, og du lærer om kulturelle, sosiale, historiske og politiske forhold i engelsktalande land.

Du lærer

  • om britisk og amerikansk historie og dagens samfunn
  • språklæringsteori og får praktisk øving i å undervise i engelsk
  • engelsk gramatikk og fonetikk
  • om engelskspråkleg litteratur

I haustsemesteret er det lagt opp til eit to-vekers studieopphald ved Det norske studiesenteret i York i England.

 

Studiet passar også godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppearbeid med meir. All undervisning er på engelsk, med mykje munnleg aktivitet. Du får tett oppfølging og god skrivetrening.

Informasjon om opptak

15. april

Kvalifikasjon/tittel

Fullført årsstudium

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

203170