× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Engelsk 2, 5.-10. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Engelsk 2 fokuserer på utvikling av elevane sin munnlege og skriftlege kompetanse, tekstkunnskap, kulturforståing og grunnleggande ferdigheiter i engelskfaget. Studiet bygger på Engelsk 1.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studiet er delt i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei har tema som språk, litteratur og kultur med didaktikk, språkvariantar og engelsk som verdsspråk, komplekse grammatiske strukturar, fonetikk, ulike teksttypar, og litteratur frå engelskspråklege land. Du skal gjennomføra eit klasseromretta didaktisk prosjekt der du reflekterer over eigen praksis. Du skal òg kunnskapsdela med kollegaer, og nytta digitale verktøy til eiga og elevane si læring.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York, England. Denne vert i mars, og vert tilboden som del av emne 2.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Leira. Undervisingsspråket er engelsk.

Me nyttar Canvas som læringsplattform. Den vert nytta til kommunikasjon, innleveringar og samarbeid.

Emne 1 har skriftleg eksamen i desember, og emne 2 har munnleg eksamen i mai/juni.

Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du kan lesa meir om ordninga her.

Informasjon om opptak

1. mars

Tilbys ved:

  • Bergen