× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Engelsk 2, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Engelsk 2 består av to emne og gir vidareutvikling av deltakarane sin eigen kompetanse og eigne ferdigheiter og didaktisk kompetanse. Studiet fokuserer på utvikling av elevane sin munnlege og skriftlege kompetanse, tekstkunnskap og grunnleggande ferdigheiter i engelskfaget. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Studiet er delt i to emne med tema som språk og kultur med didaktikk, språkvariantar, språkanalyse, skjønnlitteratur i kulturell kontekst, intonasjon, komplekse grammatiske strukturar, litteratur frå engelskspråklege land. Studentane skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der deltakarane reflekterer over eigen praksis. Studentane skal kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga. Gjennom eit wiki Storyline-prosjekt får studentane også tatt i bruk IKT-ferdigheiter.

Studiet er nett- og samlingsbasert med 3 samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Canvas brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ikkje obligatorisk. Studentar som ikkje reiser dit, vil få ei alternativ oppgåve som må godkjennast. Gjeld for studiet 2018/19.

Vurderingsformer

Emne 1 har skriftleg eksamen i desember, og emne 2 har munnleg eksamen i mai/juni.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Deltakarane må ha minst 30 sp. engelsk frå tidlegare.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen