× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Engelsk 1, 5.-10. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Engelsk 1 for 5.-10. trinn består av to emne og gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet. Studentane skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der deltakarane reflekterer over eigen praksis. Studentane skal kunnskapsdele med kollegaer og minst ein frå leiinga.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Canvas brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ikkje obligatorisk. Studentar som ikkje reiser dit, vil få ei alternativ oppgåve som må godkjennast. Gjeld for studiet 2018/19.

Vurderingsformer

Emne 1 har munnleg eksamen i desember, og emne 2 har skriftleg eksamen i mai/juni.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning