× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Engelsk 1, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Engelsk 1 for 1.-7. trinn består av to emne og gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp, og bruk av ulike tekstar på barnetrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Engelskundervisning for 1.-7. trinn, og kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling, er sentrale tema. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet. Studentane skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der deltakarane reflekterer over eigen praksis.

Itslearning brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen