× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Engelsk 1, 1-7 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du lærar, og ønskjer å kvalifisere deg for å undervise i engelsk frå første til sjuande klasse? Eller underviser du i engelsk, men ønskjer fagleg og fagdidaktisk fornying? Då er dette ei vidareutdanning for deg!

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Gjennom studiet får du:
  • kunnskap om korleis skape tryggleik i å uttrykke seg munnleg og skriftleg
  • auka medvitet og kunnskapen om ulike typar lesing og litteraturen si rolle i språktileigninga
  • prøve ut mange genrar til bruk i undervisninga
  • innføring i grunnleggande ferdigheiter i engelsk
  • innføring i språksystemet i engelsk
  • døme på variert bruk av IKT og nettressursar

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, skriveprosessar, diskusjonar, skriftlege oppgåver og arbeidskrav.

Studiet er samlingsbasert, med 3 to-dagarssamlingar og ein dagssamling per semester. Mellom samlingane deltar du i ei nettbasert arbeidsgruppe via konferanseverktøyet Adobe Connect.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Informasjon om opptak

lokalt

Tilbys ved:

  • Sogndal