× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Elektronikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Til dagleg omgir vi oss med elektroniske innretningar som vi tar som sjølvsagt. Vi finn avansert elektronikk i alt frå bilar til leiketøy.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Ein elektronikkingeniør har kunnskapar om korleis elektronikken i slike einingar er bygd opp. Etter ferdig utdanning kan du konstruere elektroniske system, lage kretskort, designe lydforsterkarar og programmere mikrokontrollarar og FPGA.

 

Elektronikkstudiet gir ei solid innføring i grunnleggande ingeniørfag, med særleg vekt på analog og digital elektronikk. Elektronikk relatert til helse- , energi-, miljø og havteknologi er viktige satsingsområde for denne ingeniørutdanninga.

 

Datamaskiner/FPGA/mikroprosessorar som hentar måledata frå sensorar, behandlar signala og sender informasjon vidare ved bruk av elektronisk kommunikasjon står sentralt i utdanninga.

 

Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte. Her ligg hovudvekta på å forstå større system innan måleteknikk, tele- og datanett.

Undervisningsopplegg

Vanlege arbeidsformer er forelesingar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, der det kan inngå både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr eller simulering på datamaskin.

 

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet. Mange av studentane tek den avsluttande bacheloroppgåva i ei bedrift i regionen.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1+ R2 og Fysikk 1

 

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Ein elektronikkingeniør vil ofte samarbeide med fagfolk frå mange ulike fagfelt i større prosjekt, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig. Dei viktigaste arbeidsområda er i verksemder innan elektronisk- , elektroteknisk- og prosess-industri som utviklar, sel og/eller held elektroniske målesystem, overvakingssystem eller kommunikasjonssystem ved like. Verksemder innan oljebransjen, fiskeri- og havbruksnæringa og ulike former for maritim og oseanografisk overvaking er også aktuelle arbeidsplassar for elektronikkingeniøren.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA, Canada og New Zealand.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

34

Søknadskode (SO)

203024

Lignende utdanninger