× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag favoritt ikon

Universitet og høgskole
Dette kurset er for deg som har yrkesutdanning og praksis, men som manglar generell studiekompetanse. Forkurset gir eit godt grunnlag for høgare teknisk utdanning i Noreg og er ei god plattform for framtidige yrke.

Studienivå

Forkurs

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Semester

2

Om studiet

Faga som inngår i kurset er:

  • Matematikk
  • Fysikk
  • Kommunikasjon og norsk
  • Teknologi og samfunn

Faga i forkurset er på vidaregåande skule-nivå, men gir ikkje offentleg eksamen.

Om du har generell studiekompetanse og berre manglar matematikk og fysikk, kan du søke opptak til realfagkurset vårt.

Arbeidsmengden tilsvarer 100 prosent av fulltidsstudium

Undervisningsopplegg

Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedagane. I løpet av året vil det kunne bli ei helg med lab-forsøk i fysikk. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.

Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av forkurset til ingeniørutdanning, på vegne av Høgskulen på Vestlandet. Metis sine lokale ligg i Lars-Hilles gate 15/17.

Opptakskrav

Fullført og bestått VG1 og VG2 frå yrkesfaglege utdanningsprogram, fag-/ sveinebrev eller realkompetanse

 

Informasjon om opptak

15. april

Kvalifikasjon/tittel

Ettårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger