× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Data favoritt ikon

Universitet og høgskole
Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, frå helse og omsorg, til nyhende og media, handel og energiforsyning.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

I dataingeniørstudiet lærer du korleis datamaskiner fungerer, og korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk. Du lærer mellom anna om databasar og web-baserte system, om å programmere appar og utvikle store IT-system (tilsvarande for eksempel itslearning, Word og Facebook), og om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata. Studiet gir deg også kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling. 

Denne bachelorutdanninga er eit ingeniørstudium, som følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, er det eit vesentleg innslag av realfag og samfunnsfag. 

Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi, og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er den same. Hovudskilnaden mellom dei ligg i nokre av matematikkfaga og i opptakskrava.

I siste del av studiet kan du velje fag som gir deg spisskompetanse innan eit smalare område, som programutvikling, drift av datasystem, web- og mobilteknologi, datagrafikk eller kunstig intelligens og algoritmar.

Undervisningsopplegg

Arbeidsformene som blir vektlagde er forelesningar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver og sjølvstudium, samt gruppearbeid.

 

Det er viktig å vere merksam på at IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.

 

I siste del av studiet skal du saman med ein eller to medstudentar gjennomføre ei større prosjektoppgåve (bacheloroppgåva), der de utviklar eit lite datasystem. Prosjekta blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og dei kan også gjerast utanlands.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1+ R2 og Fysikk 1

 

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar, samt alle greiner av det offentlege. Du kan få jobb i programvarehus eller konsulentfirma som utviklar IT-system for næringslivet eller offentleg forvaltning. Du kan også få jobb innan IT-drift i ei større verksemd, eller du kan få sjølvstendig ansvar knytt til IT i ei mindre verksemd.

 

Å arbeide med IT er svært varierande og omfattar arbeidsoppgåver som programmering, testing, utforming av brukargrensesnitt. I dei siste åra har webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande blitt svært aktuelt i dei fleste bransjar, og mange vil arbeide med å utvikle slike system. Innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare er også typiske arbeidsoppgåver.

Utveksling

Vi har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa, Australia, New Zealand, USA og Canada. Utveksling med Canada, Tyskland og Spania er særleg vektlagd. Utanlandsopphald gjer ein normalt i siste halvdel av studiet, og kan vare frå tre månader til to semester.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
44.3 (ordinær)

Studieplasser

80

Søknadskode (SO)

203004