× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Community Music favoritt ikon

Universitet og høgskole
Likar du å jobbe med musikk og menneske? Dette studiet passar for deg som vil kombinere ein karriere som utøvande musikar med å formidle musikk som Community musikar.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Om studiet

Gjennom utdanninga tileignar du deg kompetanse og ferdigheiter innanfor følgjande område:

 

Hovudinstrument

 

Denne delen av studiet er knytt til det å utvikle ferdigheiter som utøvande musikar. Du får tett oppfølging og undervisning av røynde musikarar innanfor ditt instrument.

 

Utdanninga er sjangeropen, det vil seie at du vel sjølv kva for sjangrar du får undervisning i. Det vil likevel vere vekt på populærmusikk i aktiviteter som bandrotasjon, musikkteknologi, workshopping og låtskriving.

 

Community Music

 

Ein Community musikar er ein blanding av musikklærar, musikkterapeut, sosialarbeidar og utøvande kunstnar.

 

Community musikaren jobbar med å lage musikkaktivitetar for ulike grupper; barn og unge, eldre, menneske med utfordringar innanfor rus, psykisk sjukdom og så vidare. Målet er å gi gruppemedlemmene mogelegheit for personleg vekst, kreativ aktivitet og inkludering gjennom aktiv deltaking på deira eigne premissar.

 

Entreprenørskap og prosjektleiing

 

Gjennom studiet blir du rusta til å skape din eigen arbeidsplass som musikkformidlar. Emna i entreprenørskap og prosjektleiing skal gjere deg i stand til å opprette eige firma, marknadsføre og levere tenester som utøvande musikar og Community musikar.

 

Musikk er kjernen i utdanninga, men det vil også vere ein tverrfagleg tilnærming der element frå andre fag som psykologi, pedagogikk, sosiologi, drama, entreprenørskap og prosjektleiing inngår.

Undervisningsopplegg

Utdanninga er fleksibel, og du kan velje om du vil vere student med oppmøte på campus Stord dei fleste dagar i semesteret, eller om du vil delta på nokre samlingar per semester.

 

Campus Stord har flotte øvingslokale og ressursar som egnar seg både for å utvikle seg som individuell musikar, og i samarbeid med andre musikarar.

 

Som samlingsstudent kan du kombinere studiet med deltidsjobb, spelejobbar, familieliv, plateinnspeling og så vidare. Praksis og hovudinstrumentundervisning kan gjennomførast der du bur.

 

Vi inviterer inn erfarne musikarar og workshopleiarar som lar deg vere deltakar på ulike typar musikkaktivitetar og samtalar om tankane bak innhald og leiing.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Eksempel på aktuelle yrkesarenaer er bydelshus, kulturhus, musikkorganisasjonar for bestemte interessegrupper (t.d. AKKS og Lipstick Music), fritidsmusikklivet, festivalar, kulturskule, asylmottak, integreringsarbeid med busette flyktningar, eldresenter, barnehage, skulefritidsordningar, arbeid med utviklingshemma, Den kulturelle spaserstokken, Den kulturelle skulesekken med meir.

Utveksling

Det blir lagt til rette for studieopphald i utlandet i siste del av studiet. Vi har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinstitusjonar i mange land, mellom anna Irland, Belgia og Hellas. Vi er også tilknytt EU-program gjennom prosjekt som Write A Science Opera (WASO), CreatIT og CREATIONS (Horizon2020).

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor - Community Music

Tilbys ved:

  • Stord

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Trukket (primær)
Trukket (ordinær)

Studieplasser

20

Søknadskode (SO)

203437