× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bioingeniør favoritt ikon

Universitet og høgskole
Som bioingeniør har du ansvar for ein viktig del av pasientomsorga. Du får brukt dine medisinske, tekniske og metodiske kunnskapar, bidreg til å stille riktige diagnosar og overvaker ulike former for behandling.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Som bioingeniør har du ansvar for ein viktig del av pasientomsorga. Du får brukt dine medisinske, tekniske og metodiske kunnskapar, bidreg til å stille riktige diagnosar og overvaker ulike former for behandling.

 

Den bioteknologiske utviklinga har vore stor dei seinare åra, og som bioingeniør er du ein viktig del av denne utviklinga, og bidreg i samspelet rundt pasienten.

 

I arbeidet sitt kombinerer bioingeniøren metodekunnskap, medisinsk kunnskap og teknologisk kompetanse. Ved analyse av biologisk materiale som blod, urin og vevsprøvar utfører bioingeniøren til tider svært avansert instrumentering. Mange bioingeniørar har også direkte pasientkontakt ved blodprøvetaking, opplæring og rettleiing av ulike pasientgrupper.

 

Bioingeniørfag rommar fleire ulike disiplinar innanfor laboratoriemedisin og er i stadig utvikling. Analyseinstrumenta som blir brukte i laboratoria er svært avanserte. Du vil lære å meistre teknologien og samtidig opparbeide deg god kunnskap om dei vanlegaste analysemetodane innan medisinsk diagnostikk. Kvalitetssikring av analyseresultat er ein viktig del av det bioingeniørfaglege arbeidet.

Undervisningsopplegg

I tillegg til den teoretiske undervisninga og dei interne laboratoriekursa, får du praksis-undervisning med rettleiing ved ulike medisinske laboratorium. Her får du høve til å bli kjent med den seinaste utviklinga innan laboratorieinstrumentering og bli kjent med utøving av yrket. Praksis på medisinske laboratorium vil vere ein del av utdanninga i alle tre studieåra.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse
Matematikk R1 (eller matematikk S1+ S2) og enten Fysikk 1 eller Kjemi 1 eller Biologi 1

 

Det er ein fordel med Kjemi 1 frå vidaregåande skule.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Utdanninga kvalifiserer til autorisasjon som bioingeniør i høve til lov om helsepersonell.

Bioingeniørar har ansvar for analysearbeid i ulike medisinske laboratorium, der dei både arbeider sjølvstendig og samarbeider med legar og anna helsepersonell. Du må derfor like å arbeide med menneske. Andre moglegheiter for arbeid finst i forskingslaboratorium, innanfor veterinærmedisin, næringsmiddelkontroll, farmasøytisk industri, sal og undervisning.

Utveksling

Utdanninga har samarbeidsavtalar med bioingeniørutdanningar i Sverige, Danmark, Finland og Belgia. I tillegg samarbeider vi med universitet i Europa, Nord-Amerika, Afrika og Asia. Dette gir deg gode høve for utveksling, og du kan søke om å utføre bacheloroppgåva ved desse studiestadene i 6. semester.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i bioingeniørfag

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

46.80 (primær)
52.50 (ordinær)

Studieplasser

52

Søknadskode (SO)

203702

Lignende utdanninger