× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Beredskapsleiing favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet gir ei innføring i beredskapsplanlegging og krisehandtering, og gir deltakarane eit solid fagleg grunnlag for å kunne utføre beredskapsrelaterte oppgåver både før, under og etter ulykker, krisar og andre uønskte hendingar.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studiet inneheld følgande tema:
  • Det norske beredskaps- og krisehandteringssystemet, blant anna den norske redningstenesta, politiets beredskapssystem, akuttmedisinsk beredskap (helseinnsats) og einskapleg leiingssystem (ELS) for handtering av hendingar innan brann, redning og akutt forureining.
  • Aktuelle lover og forskrifter.
  • Beredskapsorganisasjonars oppbygnad og verkemåte.
  • Evaluering og dimensjonering av beredskapen (blant anna bruk av risiko- og beredskapsanalyse).
  • Utarbeiding og bruk av beredskapsplaner.
  • Kritiske faktorar som påverkar handtering av ulykker og krisar; leiing, koordinering, kommunikasjon, stress osb.
  • Menneskelege reaksjonar i krisesituasjonar.
  • Organisering av psykososialt støttearbeid og ivaretaking av hjelpepersonell.
  • Planlegging og gjennomføring av øvingar.
  • Evaluering og læring av øvingar og hendingar/innsatsar.

Undervisningsopplegg

Studiet blir gjennomført som eit samlingsbasert deltidsstudium over eitt studieår, med til saman 6 samlingar med varighet på 3 dagar kvar (med unntak av den fyrste samlinga som er på 2 dager). I studiet inngår ein kombinasjon av forelesningar, diskusjonar, øvingsoppgåver, rettleiing, innleveringar og praktiske øvingar.

De 5 fyrste samlingane blir i Haugesund ved Høgskulen på Vestlandet mens siste samling blir arrangert ved Samfunnssikkerhetssenteret i Rogaland utanfor Sandnes.

På samlingane blir det primært forelesingar om ulike tema som inngår i emnet, men også diskusjonar og mindre gruppeoppgåver. På siste samling blir det i tillegg ein heil dag med praktiske øvingar. Mellom samlingane skal det arbeidast med øvingsoppgåver og innleveringsoppgåver. En nettbasert læringsplattform (Fronter) blir nytta som informasjons- og kommunikasjonskanal i studiet, der det vil vera mogeleg å drøfte faglige spørsmål og problemstillingar, både av generell art og relatert til øvings- og innleveringsoppgåvene, med faglærer og andre studentar. Pensumlitteraturen for studiet er på ca. 1500 sider. Litteraturen blir hovudsakleg på norsk, med unntak av enkelte artiklar og kapittel som vil være på engelsk.

Praktiske øvingar skal gi trening i å lede innsatsar i realistiske ulykkes- og krisesituasjonar, samt bidra til å sette den beredskapsfaglige kunnskapen ut i praksis. De praktiske øvingane blir gjennomført i løpet av ein dag på den siste samlinga. Deltakarane vil bli delt i mindre grupper, og slik gjennomføre sentrale leiing av dei ulike nivåa i leiingssystemet til ein beredskapsorganisasjon. Under desse øvingane blir det fleire instruktørar til stades med solid erfaring innan beredskapsleiing som gir deltakarane råd og rettleiing. Deltaking på dagen med praktiske øvingar er definert som et studiekrav og dermed obligatorisk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse. Det er en egen kvote hvor søkere som jobber med beredskapsledelse konkurrer om 80 % av plassene. Arbeidsforhold knyttet til Beredskapsledelse må dokumenteres med attest

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Målgruppa er alle som har, eller kan komme til å få, beredskapsrelaterte oppgåver i beredskapsorganisasjonar, private verksemder eller offentlig sektor.

Kvalifikasjon/tittel

Beredskapsledelse/Beredskapsleiing

Tilbys ved:

  • Haugesund