× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Barnevern, bachelorstudium, Sogndal favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ønsker du å hjelpe barn og ungdom i vanskelege livssituasjonar? Som barnevernspedagog arbeider du med førebygging, støtte og hjelp til utsette barn, unge og deira familiar.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Barnevernspedagogar prøver å finne gode løysingar for barn og unge som har sosiale og psykiske problem, eller som står i fare for å få det.

I studiet lærer du

  • om forhold i samfunnet som påverkar barn og unges oppvekst og utvikling
  • å kommunisere og samhandlar med barn, familiar og samarbeidspartnarar
  • å planlegge og bruke ulike tiltak i arbeid med barn og unge og deira familiar

Evna til å skape tillit er ein av dei viktigaste eigenskapane ein barnevernspedagog må ha. Du må også vere god på samarbeid og konfliktløysing.

Les meir om yrket på Utdanning.no.

Du kan ta delar av utdanninga i utlandet. Dersom du vel emnet Global Knowledge opparbeider du deg tverrkulturell kompetanse og global forståing, og har praksisopphald i Zambia eller Sør-Afrika.

Undervisningsopplegg

Praksisdelen av studiet utgjer nær 25 prosent. Gjennom alle tre studieår har du ulike typar praksis og du får jobbe med prosjekt i samarbeid med praksisfeltet.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Du kan jobbe innan:
  • barne- og ungdomsinstitusjonar, barnevernstenesta og utekontakt
  • barnehage og skule
  • flyktningtenesta i kommunar
  • barne- og ungdomspsykiatri

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

38.40 (primær)
43.90 (ordinær)

Studieplasser

40

Søknadskode (SO)

203070

Lignende utdanninger