× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert favoritt ikon

Universitet og høgskole
Barnehagelærarutdanninga er ei profesjonsutdanning, men òg ei leiarutdanning. Du skal leia medarbeidarane dine og bidra til å auke kvaliteten i barnehagetilbodet. Du skal byggje på personalet sin kompetanse samstundes som du skal utfordre til vidareutvikling.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Nettstøtta

Studiepoeng

180

Semester

8

Om studiet

Arbeidet i barnehagen er prega av mykje spontanitet og glede. Her får du bruk for alt du lærar i utdanninga, både på det faglege og personlege planet. Du får moglegheit til å bruke din kompetanse i samspel med både barn og vaksne. Dagane er prega av mykje leik, glede og humor.

Barnehagelæraryrket er krevjande, men òg variert og spennande. Sjølv om du har mange samarbeidspartnarar som barnehagelærar, er det først og fremst barna som står i sentrum. Ikkje minst gir barna yrket «krydder og farge». Ingen dagar er like.

Undervisningsopplegg

Studiet startar opp om hausten, og går over 4 år. Arbeidsomfang pr. studieår er berekna til rundt 75 % av et heiltidsstudium. Studiet er e-basert med ein undervisningsdag i veka, kombinert med 3 fysiske samlingar à 3 dagar pr. semester på campus. I dei vekene det er fysiske samlingar, går den e-baserte undervisningsdagen ut.

Samlingsdagar i Gol: Tysdag, onsdag og torsdag.

Hausten 2020:  Veke 37, 42, 47 (Semesterslutt 20. desember)  

Våren2021: Veke 10, 15, 18

Nettundervisning Adobe: Tysdagar 9.15-15.00

Praksis veke 3-7
Praksis veke 12 : Praksis i 1. klasse i grunnskulen

Informasjon om opptak

15. april 2020

Vidare studium

Det finst mange moglegheiter til å ta vidareutdanning. Bachelorutdanninga kan gi grunnlag for opptak til fleire mastergradsutdanningar ved HVL og andre institusjonar.

Karrierevegar

Med barnehagelærarutdanning kan du jobbe som barnehagelærar, støttepedagog, pedagogiskleiar og styrar i barnehagen. Du kan òg jobbe i andre barnerelaterte verksemder, som barnevernet eller administrative stillingar i kommunen.

Utveksling

Det er ikkje lagt til rette for studieopphald i utlandet.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor - barnehagelærarutdanning, arbeidsplassbasert /Bachelor - barnehagelærarutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen