Få gratis karriereveiledning på Karriereveiledning.no

Nøkkelinformasjon

Bilete
Bilete

Studiested

Sogndal

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180.00

Semester

8

Organisering

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Deltid

Opptakskrav

GENS

Poenggrenser 2019

  • 32.50 (primær)
  • 47.70 (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

203061

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Som vernepleiar arbeider du med menneske med funksjonsvanskar. Du legg til rette for god livskvalitet, meistring av kvardagslivet og sjølvråderett for den enkelte.

Som vernepleiar møter du menneske med ulike funksjonsvanskar som har behov for bistand. Det kan vere barn eller vaksne med utviklingshemming, men også personar med fysisk funksjonsnedsetting, psykiske vanskar, rusavhengigheit eller aldersdemens.

Du må vere empatisk og omsorgsfull, og kunne kommunisere og samarbeide med brukarar og pårørande. Tverrfagleg samarbeid er sentralt.

Gjennom studiet lærer du om psykologi, sosialt arbeid og pedagogikk, og om sjukdomar og legemiddelhandtering. Det gjer deg rusta for å legge til rette for at den enkelte kan ha personleg utvikling og livskvalitet.

Undervisningsopplegg

Praksis utgjer 55 studiepoeng, og er fordelt på tre praksisperioder:

  • 9 veker med helse og omsorgspraksis
  • 12 veker med miljø- og aktivitetspraksis
  • 12 veker med system- og endringspraksis

I minst ei av praksisperiodene skal du jobbe med personar med utviklingshemming.

Opptaksinformasjon

15. april

Videre studier

Du kan ta master- og videreutdanningar, og spesialisere deg innan eit fagfelt du interesserer deg særleg for.

Karrieremuligheter

Det er stort behov for vernepleiarar og du har mange spennande jobbmoglegheiter. Du kan mellom anna jobbe innan:
  • helse- og sosialsektoren, til dømes kommunale heimetenester, dagtilbod og spesialisthelsetenesta
  • NAV, rusomsorg og psykisk helsearbeid
  • eldreomsorg, skule og barnehage

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Som utvekslingsstudent i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.

Alle utdanninger innen