× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i økonomi og administrasjon - deltid favoritt ikon

Universitet og høgskole
Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei solid og brei fagleg plattform, og du blir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

10

Om studiet

Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta, og er lagt opp slik at du kan arbeide ved sidan av studiet.

I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, får du spisskompetanse innanfor ei fagretning du vel sjølv.

Du har fag innan

  • bedriftsøkonomi og rekneskap
  • leiing, organisasjon og administrasjon
  • metode og samfunnsøkonomi
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

I 4. og 5. studieår vel du ein av følgjande fordjupingar: rekneskap, finans og økonomistyring eller administrasjon og leiing. Dersom du ønskjer å bli rekneskapsførar vel du rekneskap som fordjuping.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper. Det meste av undervisninga blir gjennomført på dagtid, saman med fulltidsstudentane. I tillegg har vi 1-2 obligatoriske samlingar per semester.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Etter fullført utdanning kan du jobbe som fagperson eller rådgivar innan mellom anna bank og forsikring, shippingrelatert verksemd, forretningsverksemd eller offentleg forvaltning.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i økonomi og administrasjon - deltid

Tilbys ved:

  • Haugesund

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
37.5 (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

203414