× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i nautikk Y-veg favoritt ikon

Universitet og høgskole
Har du fagbrev som matros eller fiskar, og ønskjer å bli dekksoffiser? Med bachelor i nautikk Y-veg fortel du næringa at du har hatt praksis i forkant av studiet, og at du etter fullført studium er svært godt rusta for den jobben du skal gjere.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Nautikkutdanninga er solid forankra i ei av dei sterkaste maritime klyngene i Noreg. Utdanninga er godkjent av Sjøfartsdirektoratet i tråd med internasjonalt regelverk (STCW) og gir deg det teoretiske grunnlaget for å kunne løyse uavgrensa dekksoffiserssertifikat (D1).

Du lærer å

  • planlegge og gjennomføre ein seglas i ulike farvatn, og bruke ulike instrument og system knytt til dette
  • administrere og leie mannskapet om bord
  • utføre oppgåver om bord på ein trygg måte for mannskapet, skipet og omgjevnadane
  • sikre trygg lasting, transport og lossing av last
  • planlegge og vurdere risiko

Etter 2. studieår er du ferdig med hovuddelen av sertifikatfaga, og kan fylle ut ein stor del av punkta i WebCadet, som er administrasjonssystemet for sertifikatretta opplæring om bord.

I siste studieår har du nokre obligatoriske emne, men i hovudsak vel du sjølv innhaldet. I haustsemesteret er det mogleg å reise ut i praksis hos eit av reiarlaga HVL samarbeider med.

Undervisningsopplegg

Utdanninga er lagt opp med forelesingar, simulatorøvingar, praktiske øvingar, oppgåveløysing, gruppearbeid og bedriftsbesøk. Du har forelesarar med god kjennskap til bransjen, og fleire seglar framleis som dekksoffiserar. Slik sikrar vi at dei teoretiske perspektiva står i samanheng med verkelegheita.

I nokre emne er undervisningsspråket engelsk. Dette gir deg eit godt språkleg grunnlag for framtidig jobb i ein internasjonal bransje, der engelsk er arbeidsspråk i mange samanhengar.

Opptakskrav

Fagbrev som

  • fiskar (Kunnskapsløftet) / fangst og fiske (Reform 94).
  • matros (Kunnskapsløftet/Reform 94).

For søkjarar med fag-/ svennebrev etter 3 år i skule, blir det krevd minimum 12 mnd. relevant yrkespraksis etter avlagt fag-/ svenneprøve. Du må framlegge dokumentasjon på bestått grunnleggande sikkerheitsopplæring (IMO 60).

Søkjarar med fagbrev før Reform 94 eller utanlandsk fagbrev må dokumentere tilsvarande kompetanse.

Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/svenneprøve etter opptaksfristen, kan tildelast plass på vilkår om bestått prøve.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Etter fullført utdanning dekkjer du det teoretiske grunnlaget for å kunne løyse sertifikat som dekksoffiser. Du må i tillegg fullføre nødvendig fartstid som kadett før du kan søke om ditt første dekksoffisersertifikat.

Vi har forpliktande samarbeidsavtalar med mange lokale reiarlag. Dette gjer at du kjem tett på den maritime næringa i ei tidleg fase av studiet, og våre ferdigutdanna studentar er dei første som blir vurdert for kadettjobbar i desse reiarlaga.

Partane i avtalen med HVL er Fagskulen Rogaland avdeling Karmsund, Haugesund rederiforening, Maritimt opplæringskontor SørVest, Solstad Offshore, Østensjø rederi, DOF, Eidesvik Offshore, Knutsen O.A.S. shipping, Simon Møkster shipping og Gulf Mark. I tillegg deltek Odfjell shipping på dei årlege intervjudagane på HVL, kor reiarlag intervjuar søkjarar til kadett- og sommarjobbar på campus Haugesund.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i Nautikk

Tilbys ved:

  • Haugesund