× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i ingeniørfag, maskin for fagteknikarar favoritt ikon

Universitet og høgskole
Hos oss kan du som tidlegare har teke toårig teknisk fagskule innanfor retninga Maskinteknikk, få fritak for inntil 60 studiepoeng, basert på innpass av fag frå den tekniske fagskulen. Dette medfører eit toårig løp fram mot Bachelor i ingeniørfag.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

180

Semester

4

Om studiet

Vårt toårige løp mot Bachelor i ingeniørfag, maskin, har ei profilering innan marin konstruksjonsteknikk og er utvikla i tett samarbeid med næringslivet i regionen. Dette gir studentane våre ei spesialisering som passar perfekt inn mot jobbar i dei ulike konstruksjons- og verftsbedriftene som pregar industrien i Sunnhordland.

Undervisningsopplegg

Studiet er spesielt tilrettelagt for dei som er i arbeid og som ønsker å fortsetje i redusert stilling medan dei studerer. Det er difor lagt opp som eit samlingsbasert studium, der det blir undervising kvar tredje veke. Det vil likevel vere eit fulltidsstudium, der ein gjennomfører 30 sp. kvart semester. I dei to vekene mellom kvar undervisingsveke, er det lagt opp til ein del nettbasert undervising og sjølvstudium. Sjølv om opplegget er tilpassa folk i arbeid, passar studiet like godt for dei som ikkje er i arbeid.

Undervisinga vil hovudsakleg gå føre seg ved HVL campus Stord, men det kan vere naudsynt å gjennomføre delar av undervisinga ved HVL campus Haugesund.
All ordinær undervising vil (så langt det er teknisk mogeleg) bli filma, slik at det er mogeleg å følgje utdanninga sjølv om ein ikkje kan delta på alle samlingsvekene.

 

Studentar som tar ei ingeniørutdanning innan marin konstruksjonsteknikk spesialiserer seg innan konstruksjon av strukturar og utstyr som skal fungere i et maritimt miljø. Det kan for eksempel vere utstyr til bruk på plattformer, i undervassinstallasjonar eller i vindmøller. Teknisk teikning og berekningar står sentralt i utdanninga.

Opptakskrav

Studiet er spesielt tilpassa for studentar med godkjent toårig teknisk fagskule, og er bygd opp med utgangspunkt i maskinteknikkstudiet til Fagskolen i Hordaland.

Som søkjar vil du få ei individuell vurdering på kor godt utdanninga din passar inn i denne ingeniørutdanninga. Dersom du ikkje tilfredsstiller innpass av totalt 60 studiepoeng frå fagskulen, kan det bli aktuelt å bygge på med eitt eller fleire emne frå maskiningeniørutdanninga vår i Haugesund eller Bergen.

I tillegg til toårig teknisk fagskule, må du kunne dokumentere kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 + R2 og Fysikk 1. Dersom du manglar desse, ta kontakt for informasjon om måtar å kvalifisere deg på!

Søkjarar som fullfører teknisk fagskule etter søknadsfristen, kan ettersende vitnemålet sitt seinast 1. juli.

Informasjon om opptak

: Ikkje opptak i 2019

Karrierevegar

Som maskiningeniør kan du jobbe i industribedrifter, som til dømes i petroleumsrelatert industri, verkstadsindustri og prosessindustri. Ein kan òg jobbe i transportsektoren, i kommunar, hos produsentar og leverandørar av utstyr, i reiarlag, hos kontrollmyndigheter eller i ingeniørfirma med rådgiving. Ein del maskiningeniørar startar si eiga verksemd.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag, Maskin/Bachelor i ingeniørfag, Maskin

Tilbys ved:

  • Stord

Lignende utdanninger