× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i ingeniørfag, maskin favoritt ikon

Universitet og høgskole
På maskiningeniørutdanninga på campus Haugesund kan du velje å spesialisere deg innan konstruksjon av utstyr som skal fungere i eit maritimt miljø, eller innan design, modifikasjon og drift av prosessanlegg. Profilretningane våre gir deg spesialisering for jobbar innan undervassteknologi, konstruksjons- og verftsbedrifter og prosessindustri.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2020

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Oljefunn på stadig djupare vatn har gjort det nødvendig å utvikle stadig meir avansert teknologi. Vi svarer òg på nye utfordringar ved å inkludere fornybar energi i utdanninga.

Studiet er utvikla i tett samarbeid med næringslivet i regionen. Haugesund er midt i ei klynge av bedrifter som har spesialisert seg innan undervassteknologi. Dette er teknologi som ikkje berre blir brukt i olje- og gassindustrien, men òg i vindmølleparkar offshore og store havbaserte oppdrettsanlegg. Regionen har fleire verft og ingeniørbedrifter som er spesialisert mot offshoreverksemd, eitt av verdas største gassbehandlingsanlegg og avansert aluminiumsindustri.

Undervisningsopplegg

For å gi studentane spisskompetanse inn mot denne næringa tilbyr høgskulen to fordjupingar:

  • Marin konstruksjonsteknikk
  • Prosess-og energiteknikk

Studentar som tar fordjuping innan marin konstruksjonsteknikk, spesialiserer seg innan konstruksjon av strukturar og utstyr som skal fungere i et maritimt miljø. Det kan for eksempel vere utstyr til bruk på plattformar, i undervassinstallasjonar eller i vindmøller. Teknisk teikning og berekningar står sentralt.

Studentar som tar fordjuping innan prosess- og energiteknikk, spesialiserer seg innan design, modifikasjonar og drift av prosessanlegg i landbasert og offshorebasert industri. Studiet fangar opp utviklinga mot meir bruk av undervassteknologi framfor plattformer, samt utviklinga av fornybar energi.

Informasjon om opptak

15. april

Vidare studium

Fullført bachelorgrad gir høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL i Haugesund kan du gå vidare på eit internasjonalt masterløp i «Maritime Operations».

Karrierevegar

Som maskiningeniør kan du jobbe i industribedrifter, som for eksempel i petroleumsrelatert industri, verkstadsindustri og prosessindustri. Ein kan òg jobbe i transportsektoren, i kommunar, hos produsentar og leverandørar av utstyr, i reiarlag, hos kontrollstyresmakter eller i ingeniørfirma med rådgiving. Ein del maskiningeniørar startar si eiga verksemd.

Utveksling

Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar over heile verda som gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL, og du taper dermed ikkje tid.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag, Maskin

Tilbys ved:

  • Haugesund

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

35

Søknadskode (SO)

203034

Lignende utdanninger