× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i ingeniørfag, Elektro Y-veg favoritt ikon

Universitet og høgskole
Har du fagbrev innan elektrofag, kan du ta ingeniørutdanning ved HVL. I Haugesund får du spesialisering inn mot jobbar innan automatisering og instrumentering, styring av prosessar og anlegg, og utvikling av kommunikasjonssystem. Det er eit såkalla Y-veg-studium, det vil seie at det har relevant fagbrev som opptaksgrunnlag i staden for generell studiekompetanse.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Plassert på Vestlandet ligg høgskulen midt i hjarta av næringa som jobbar mot olje- og gassfeltene i Nordsjøen. Denne regionen er i sentrum for olje- og gassverksemda i Noreg med mange bedrifter som arbeider med offshorerelatert verksemd. Industrien treng kvalifiserte medarbeidarar som kan drive innovasjonsarbeidet for å sikre at dei er konkurransedyktige.

Undervisningsopplegg

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Etter fullført studium (180 studiepoeng) får kandidaten graden Bachelor i ingeniørfag. Fullført bachelorgrad gir høve til å søkje opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt.

Opptakskrav

Søkarar må ha eitt av følgjande:

1) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,

ELLER

2) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.

Opptak til Elektroingeniør Y-veg skjer lokalt på høgskulen. Søknad saman med aktuell dokumentasjon skal registrerast i høgskulens Søknadsweb innan søknadsfristen. Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/ svenneprøve etter opptaksfristen kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

Som elektroingeniør kan du jobbe innan petroleumsrelatert industri, oljeserviceselskap med automatisering og instrumentering, landbasert industri med automatisering av produksjonslinjer, bedrifter med utvikling av kommunikasjonssystem, i energibransjen eller ulike konsulentverksemder.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag, Elektro

Tilbys ved:

  • Haugesund

Lignende utdanninger