× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i ingeniørfag, elektro for fagteknikarar favoritt ikon

Universitet og høgskole
Hos oss kan du som tidlegare har tatt toårig teknisk fagskule innanfor retninga Automatisering få fritak for inntil 60 sp. basert på innpass av fag frå den tekniske fagskulen. Dette medfører eit toårig løp fram mot Bachelor i ingeniørfag.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

180

Semester

4

Om studiet

Vårt toårige løp mot Bachelor i ingeniørfag, elektro, har ei profilering innan industriell automatiseringsteknikk og er utvikla i tett samarbeid med industrien i Sunnhordland. Dette gir studentane våre ei spesialisering som passar perfekt inn mot arbeidsmarknaden i regionen.

Undervisningsopplegg

Studiet er spesielt tilrettelagt for dei som er i arbeid og som ønsker å fortsetje i redusert stilling medan dei studerer. Det er difor lagt opp som eit samlingsbasert studium, der det blir undervising kvar tredje veke. Det vil likevel vere eit fulltidsstudium, der ein gjennomfører 30 sp. kvart semester. I dei to vekene mellom kvar undervisingsveke er det lagt opp til ein del nettbasert undervising og sjølvstudium. Sjølv om opplegget er tilpassa folk i arbeid, passar studiet like godt for dei som ikkje er i arbeid.

Undervisinga vil hovudsakeleg gå føre seg ved HVL campus Stord, men det kan vere naudsynt å gjennomføre delar av undervisinga ved HVL campus Haugesund.
All ordinær undervising vil (så langt det er teknisk mogeleg) bli filma, slik at det er mogeleg å følgje utdanninga sjølv om ein ikkje kan delta på alle samlingsvekene.

 

Studentar som tar ei ingeniørutdanning innan industriell automatiseringsteknikk spesialiserer seg innan automatisering og instrumentering, styring av prosessar og anlegg, og utvikling av kommunikasjonssystem.

Fullført bachelorgrad gir moglegheit til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar i ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt.

Opptakskrav

Studiet er spesielt tilpassa for studentar med godkjent toårig teknisk fagskule, og er bygd opp med utgangspunkt i automatiseringsstudiet til Fagskolen i Hordaland, men passar også for søkjarar med bakgrunn frå elkraft.

Som søkjar vil du få ei individuell vurdering på kor godt utdanninga din passar inn i denne ingeniørutdanninga. Dersom du ikkje tilfredsstiller innpass av totalt 60 studiepoeng frå fagskulen, kan det bli aktuelt å bygge på med eitt eller fleire emne frå elektroingeniørutdanninga vår i Haugesund, Bergen eller Førde.

I tillegg til toårig teknisk fagskule må du kunne dokumentere kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 + R2 og Fysikk 1. Dersom du manglar desse, ta kontakt for informasjon om måtar å kvalifisere deg på!

Søkjarar som fullfører teknisk fagskule etter søknadsfristen kan ettersende vitnemålet seinast 1. juli.

Informasjon om opptak

: Ikkje opptak i 2019

Karrierevegar

Som elektroingeniør kan du jobbe innan petroleumsrelatert industri, oljeserviceselskap med automatisering og instrumentering, landbasert industri med automatisering av produksjonslinjer, bedrifter med utvikling av kommunikasjonssystem, i energibransjen eller ulike konsulentverksemder.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag, Elektro

Tilbys ved:

  • Stord

Lignende utdanninger