× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i ingeniørfag, cyberfysisk nettverksteknologi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Tar du det som sjølvsagt at du har tilgang til internett same kor du er? Er du avhengig av skytenester, sensorar og automatisering utan heilt å skjøne korleis slike system verkar? På dette studiet lærer du mykje om korleis dette er mogeleg.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2020

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Nettverksteknologi for cyberfysiske system omfattar design og drift av kommunikasjons- og datasystem, til sikring av infrastruktur, informasjon og tenester.

Ein cyberingeniør meistrar dei teknologiske utfordringane knytt til avanserte system som vert brukt i samfunnet, industrien og Forsvaret. Dette inkluderer mellom anna Internett, mobilnett, sensornettverk og industrielle nettverk, som alle gjer det mogeleg å realisere nettverk for cyberfysiske system.

Studiet dekkjer sentrale område innan nettverksteknologi, informasjonssystem, datakommunikasjon, samt sikring av data og infrastruktur. Studiet omfattar også element frå Cisco Networking Academy som gjer grunnlag for særs anerkjende internasjonale sertifiseringar som Cisco Certified Network Associate (CCNA), CCNA-Security (CCNA-Sec) og Cisco Certified Network Professional (CCNP).

Studieprogrammet har endra namn frå Kommunikasjonssystem til Cyberfysisk nettverksteknologi frå kull 20. Innhaldet i programmet er ikkje endra. Du kan difor sjå studieplanen for 2019 for emneoversikt. Oppdatert studieplan blir publisert 1. april 2020.

Undervisningsopplegg

Høgskulen har eit moderne kommunikasjonslaboratorium som er utgangspunktet for teoretisk og praktisk tileigning av kompetanse og kunnskap. Undervisninga er ofte ein kombinasjon av forelesingar og praktisk arbeid i klasserom og laboratorium.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir til vanleg utført i grupper, og ofte i samarbeid med næringslivet.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Som ferdigutdanna cyberingeniør har du eit godt utgangspunkt for ei vellukka karriere. Ein cyberingeniør deltar i utviklinga av løysningar innan Internet of Things (IoT), moderne industriproduksjon, droneteknologi, autonome fartøy, med meir. Mange finn gode jobbar innan planlegging, drift og vedlikehald, både for operasjonell teknologi og informasjonsteknologi. Bedrifter innan alt frå industri, olje- og gassindustri, mobilnett, IKT, smarte heimar, miljøovervaking og helse/omsorg har bruk for deg som nyutdanna cyberingeniør.

Studiet er framtidsretta og har dei siste ti åra utdanna ei rekke kandidatar som har fått spanande og relevante jobbar i Equinor, Telenor, Cisco, Siemens, TV2, ABB, Atea, Eltel, Avinor, Relacom, og offentlige etater.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med utdanningsinstitusjonar, mellom anna i New Zealand, USA, Danmark og Spania. Det kan leggast særleg til rette for å ta bacheloroppgåva i utlandet.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Trukket (primær)
Trukket (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

203028

Lignende utdanninger