× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i ingeniørfag, Brannsikkerheit favoritt ikon

Universitet og høgskole
Branningeniørar er spesialiserte sikkerheitsingeniørar som arbeider for å hindre brann og eksplosjonar. Kjerneoppgåva for branningeniøren er å planlegge og sette i verk førebyggande tiltak som hindrar og reduserer konsekvensane av brann.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2020

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Høgskulen på Vestlandet utdannar branningeniørar til jobb i førebyggande avdeling i brannvesenet, konsulentselskap, branntekniske firma, byggenæringa og verdas mest avanserte olje- og gassindustri.

Plassert på Vestlandet ligg vi midt i hjartet av næringa som jobbar mot olje- og gassfelta i Nordsjøen. Denne regionen er i sentrum for Noregs olje- og gassverksemd med mange bedrifter som arbeider med offshorerelatert verksemd. Olje- og gassindustrien, brannvesenet og byggenæringa treng kvalifiserte medarbeidarar som kan drive innovasjonsarbeidet for å sikre at dei er konkurransedyktige.

HVL er den einaste høgskulen i landet som tilbyr denne utdanninga, og kompetansen din vil difor bli sterkt etterspurd i både privat og offentleg næring.

Undervisningsopplegg

Sentrale tema i utdanninga er brannfysikk, risikoanalyser, bygningsteknologi, brannsikkerheit i design av bygg, beredskapsleiing og sløkkesystem. Utdanninga er organisert gjennom forelesingar, gruppearbeid, bedriftsbesøk, lab og rettleiing. Vi har eige brannlaboratorium i høgskulebygget der vi utfører øvingar og testar.

Det blir òg opna for studieturar i inn- og utland.

Informasjon om opptak

15. april

Vidare studium

Etter fullført bachelorgrad kan du søke opptak til ulike mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du ta master i brannsikkerheit.

Karrierevegar

Mange ferdigutdanna branningeniørar arbeider med spennande oppgåver innanfor område som brannbefal i brannvesenet si førebyggande avdeling, brannsikring i byggenæringa eller brannsikring i offshorenæringa. Ved å bygge vidare til mastergrad, for eksempel innan brannsikkerheit, blir du endå meir aktuell til sikkerheitsrelaterte jobbar innan olje- og gassindustrien.

Det er berre HVL som tilbyr denne utdanninga i Noreg!

Utveksling

Vi har etablerte program og samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Dette gjer at opphaldet i utlandet blir godkjent som ein del av studiet ditt ved HVL, og du taper dermed ikkje tid.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag, Brannsikkerhet/Bachelor i ingeniørfag, Brannsikkerheit

Tilbys ved:

  • Haugesund

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

35

Søknadskode (SO)

203002