× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i ingeniørfag, automatisering med robotikk y-veg favoritt ikon

Universitet og høgskole
Har du fagbrev innan elektrofag, kan du ta ingeniørutdanning ved HVL. I Haugesund får du spesialisering inn mot jobbar innan automatisering og instrumentering, styring av prosessar og anlegg, og utvikling av kommunikasjonssystem. Det er eit såkalla Y-veg-studium, det vil seie at det har relevant fagbrev som opptaksgrunnlag i staden for generell studiekompetanse.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Plassert på Vestlandet ligg høgskulen midt i hjartet av næringa som jobbar mot olje- og gassfelta i Nordsjøen. Denne regionen er i sentrum for olje- og gassverksemda i Noreg med mange bedrifter som arbeider med offshorerelatert verksemd. Industrien treng kvalifiserte medarbeidarar som kan drive innovasjonsarbeidet for å sikre at dei er konkurransedyktige.

Undervisningsopplegg

Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, der det blir kompensert for manglande bakgrunn innan matematikk, fysikk, norsk og engelsk. Fagleg innhald følger rammeplanen gitt av Kunnskapsdepartementet.

Undervisninga vil starte opp i juni med sommarkurs i matematikk. Startdato vert lagt ut tidleg i februar.

Informasjon om opptak

1. mars 2020

Vidare studium

Etter fullført studium (180 studiepoeng) får du graden bachelor i ingeniørfag. Fullført bachelorgrad gir høve til å søkje opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt.

Karrierevegar

Som automatiserinsingeniør kan du jobbe innan petroleumsrelatert industri, oljeserviceselskap med automatisering og instrumentering, landbasert industri med automatisering av produksjonslinjer, bedrifter med utvikling av kommunikasjonssystem, i energibransjen eller ulike konsulentverksemder.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Haugesund

Lignende utdanninger