× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i fysioterapi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Fysioterapeuter møter menneske i alle aldre, med ulike gradar av funksjonsnedsettingar. Endringer i befolkninga, samfunnsutvikling og reformar i helsevesenet stiller nye krav og gir fysioterapeutar stadig nye utfordringar.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Som fysioterapeut jobbar du med kropp og bevegelse i eit helseperspektiv. Eit overordna mål er å legge til rette for tiltak som stimulerer og lar menneske utnytte sine ressursar. Fysioterapi er retta mot individ, grupper og miljø, og kan vere av helsefremmande og sykdomsforebyggande, behandlande eller habiliterande/rehabiliterande art.

Målet med fysioterapi er å utvikle, gjenvinne eller vedlikehalde den enkelte si funksjonsevne og å skape betre forhold for helse og livsutfolding. Fysioterapi er eit praktisk yrke med krav til akademisk kompetanse. Fysioterapeutar samarbeidar ofte med tilsette i andre instansar og med ulike yrkesgrupper.

For å bli godkjent som fysioterapeut må du arbeide eitt år som turnuskandidat etter godkjent bachelorstudium, og deretter søkje autorisasjon hos Helsedirektoratet. Turnusåret er lønna.

Undervisningsopplegg

Første studieår: 1 + 3 uker observasjonspraksis

Andre studieår: 11 uker i kommunehelseteneste / fysikalsk institutt og 1 uke innan helsefremmande/førebyggjande verksemd.

Tredje studieår: 10 uker i spesialisthelsetenesta

I alle tre åra vil det også vere pasientdagar. Du kan bli tildelt praksisplass utanfor Bergen.

Informasjon om opptak

15. april

Vidare studium

Bachelor i fysioterapi kvalifiserer for opptak til vidare studium og til mastergradsstudium, blant anna tilbyr høgskulen mastergrad i klinisk fysioterapi. I dei fleste tilfelle må turnusteneste gjennomførast før man kan søkje opptak til mastergradstudia.

Karrierevegar

Saman med ett år godkjent turnusteneste, gir bachelor i fysioterapi deg rett til å søkje om autorisasjon som fysioterapeut. Som fysioterapeut kan du arbeide i kommunal helseteneste, på sjukehus og institusjonar, i bedriftshelseteneste eller i private fysikalske institutt, eller i organisasjonar som f.eks. idrettslag.

Fysioterapeutar kan også arbeide i forvaltninga, for eksempel hos fylkeslege, helsetilsyn eller i eit departement.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerar! Som utvekslingsstudent i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studenter frå heile verda.

Vi har avtaler med institusjonar over heile verda: Europa, USA, Australia og Afrika. Du kan reise på utveksling i andre eller tredje studieår. Du kan velje mellom å ta eitt av praksisopphalda i utlandet eller å ta eit heilt semester med teoretiske fag eller ein kombinasjon av dei to.

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

49.90 (primær)
55.40 (ordinær)

Studieplasser

85

Søknadskode (SO)

203703

Lignende utdanninger