× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet favoritt ikon

Universitet og høgskole
Er du opptatt av kosthald og fysisk aktivitet? Med denne utdanninga kan du jobbe med å fremje god helse.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Målet med folkehelsearbeid er å forebygge og fremje god helse i befolkninga, til dømes ved å motivere ulike målgrupper til auka fysisk aktivitet og til sunne kosthaldsvanar.

 

Gjennom studiet tileignar du deg grunnleggande kompetanse for å arbeide med kosthald, fysisk aktivitet og samfunnsplanlegging i helsefremjande og forebyggande verksemder.

 

Dette er ei tverrfagleg utdanning. Gjennom teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter får du kjennskap til helsefremjande kosthald og ei rekke former for fysisk aktivitet knytt til folkehelsearbeid. Studiet inneheld også organisasjons- og samfunnsfaglege perspektiv på folkehelsearbeidet.

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom teoretisk undervisning og praktisk aktivitet, med forelesingar, praktiske økter, prosjekt- og gruppearbeid, individuelle oppgåver, individuell rettleiing og praksis. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring og eigeninnsats.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Med bachelorgrad i folkehelse blir du kvalifisert til å drive helsefremjande og forebyggande folkehelsearbeid. Du kan jobbe i private og offentlege organisasjonar, eller starte di eiga verksemd.

Utveksling

I 4. semester har du eit obligatorisk studieopphald i utlandet.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i folkehelsearbeid med vekt på kosthold og fysisk aktivitet

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2019

38.50 (primær)
46.60 (ordinær)

Studieplasser

24

Søknadskode (SO)

203203