× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Avansert klinisk sjukepleie favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studieprogrammet er eit svar på nokre av dei endringane samhandlingsreformen har til følgje for kommunehelsetenestas møte med de sjukaste eldre. Studiet er bygd opp rundt relevante og praksisnære pasienthistoriar fra kommunehelsetenesta. Oppøving av informasjonskompetanse i helsetenester til eldre vil bli vektlagt.

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studieprogrammet inneheld to emne, ELDHELS1006 og ELDHELS2006, på 15 studiepoeng kvar.

I kvart emne arbeidar studentane med oppgåver knytt til 3 pasientcase/pasienthistoriar relatert til eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar.

Emnet «Eldre med alvorleg svikt i vitale funksjonar» (ELDHELS1006) inneheld introduksjon til pasientgruppa eldre med svikt i vitale funksjonar og har eit særleg fokus på utvikling av samhandlings-, og informasjonskompetanse.

Emnet «Eldre med alvorleg svikt i vitale funksjonar II» (ELDHELS2006) byggjer på ELDHELS1006 og vektlegg utvikling av kompetanse i klinisk vurdering av pasienten, polyfarmasi og uheldig legemiddelbruk i tillegg til kunnskapsbasert praksis.

 

 

Undervisningsopplegg

Målgruppe:

Sjukepleiarar som har ansvar for avansert klinisk sjukepleie for eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar innann pleie- og omsorgssektoren.

Arbeids og undervisningsformer:

Undervisning, rettleiing, gruppearbeid. Studiet vert dessutanbasert på obligatorisk deltaking i rettleiingsgrupper, kommunikasjon på nett og ein omfattande eigeninnsats mellom samlingane.

Studentane blir delt inn i læringsgrupper som jobbar med tre pasientcase.

Rettleiing og ulike læringsressursar vil vera tilgjengelig for gruppene.

Organisering:

Deltidsutdanning med samlingar på kampus Haugesund. 3 veker pr. semester.

Planlagde samlingar for hausten 2018 er veke 35, 40 og 45.

 Arbeidskrav:

Ja. Spesifiseres i semesterplan ved studiestart.

Eksamen:

Mappevurdering.

Opptakskrav

Autorisert sjukepleiar.

For opptak til ELDHELS2006 må emne 1 ELDHELS1006 eller tilsvarande emne vera bestått.

Informasjon om opptak

15. april

Kvalifikasjon/tittel

Avansert klinisk sykepleie