× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Andrespråkspedagogikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på vidareutdanning, Kompetanse for kvalitet. Det er eit mål å betre skuleprestasjonane til elevar med minoritetsbakgrunn i norsk skule, og det er ønskeleg at lærarar styrker si pedagogiske, faglege og fagdidaktiske kompetanse på dette feltet. Det er også ønskeleg at skular vert stimulerte til å drive utviklingsarbeid innanfor feltet. Studiet legg derfor opp til å relatere teori og lærestoff til eigen praksis. Tilbodet består av 2 emne. Emne 1 Språkutvikling og språklæring i eit fleirspråkleg perspektiv, 15 studiepoeng. Emne 2 Kunnskapsbasert lese-, skrive og språkopplæring for fleirspråklege elevar, 15 studiepoeng. Andrespråkspedagogikk byggjer på Norsk 1 i grunnskulelærarutdanninga eller anna relevant språkutdanning. 

Studienivå

Lågare nivå

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Studiepoeng

30

Semester

2

Undervisningsopplegg

I kvart semester er det tre samlingar á to dagar. Første dag er det undervisning kl. 11.15- 17.00, andre dag kl. 08.30- 16.00. Mellom samlingane skal studentane arbeide med studiekrav som skal leverast i læringsplattforma Canvas.

Arbeidskrav blir spesifisert i semesterplanen.

Samlingsdatoar med atterhald
4. og 5. september
16. og 17. oktober
13. og 14. november
15. og 16. januar
5. og 6. mars
23. og 24. april.

Vurdering 

Emne 1: 6 timar skriftleg eksamen (100%).

Emne 2: individuell prosjektoppgåve(60%) og munnleg eksamen (40%).

Karakterskala A-F.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

 

Deltakarane må ha minst 30 sp. norsk frå tidlegare.

Informasjon om opptak

15. april 2018

Kvalifikasjon/tittel

Andrespråkspedagogikk

Tilbys ved:

  • Stord