× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Andrespråkspedagogikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Andrespråkspedagogikk er eit kurs som rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid med elevar som ikkje har norsk som morsmål og som har hatt relativ kort skulegang til no i Noreg. Vidareutdanninga er eit nasonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lågare nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Det blir lagt særleg vekt på norskfaget og korleis ein kan arbeide med lesing, skriving og munnleg utvikling hos denne elevgruppa. Andrespråkspedagogikk består av to 15-studiepoengsemne, Andrespråkspedagogikk 1 og Andrespråkspedagogikk 2, der Andrespråkspedagogikk 2 er fordjuping.

I studiet dekkast aktuelle tema som:

  • tospråklegheit og andrespråkslæring, mellomspråk og mellomspråkutvikling
  • fleirkulturell undervisning og skule
  • lese- og skriveopplæring for minoritetselevar, grunnleggande ferdigheiter
  • norsk språk i komparativt perspektiv
  • arbeid med munnleg norsk og munnlege sjangrar når norsk er andrespråket
  • utvikling av ordtilfang og lesing av fagtekstar
  • litteraturundervisning og litterær samtale når norsk er andrespråket

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar per semester.
Læringsplattforma er canvas. Samlingane er lagt til Høgskulen på Vestlandet, Bergen og vil strekke seg over 2-3 dagar.

Vurderingsformer

Andrespråkspedagogikk1 avsluttast med ein skriftleg skuleeksamen hausten 2018.
Andrespråkspedagogikk 2 avsluttast med ein skriftleg heimeeksamen våren 2019.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Deltakarane må ha minst 30 sp. norsk frå tidlegare.

 

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2019

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning

Tilbys ved:

  • Bergen