× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Allmenn maskinteknikk - Florø favoritt ikon

Universitet og høgskole
Maskiningeniøren blir gjerne omtalt som den «klassiske ingeniøren», og kan jobbe innan ei rekke fagfelt.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervising ved lærestaden

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

I bachelorstudiet Allmenn maskinteknikk lærer du om dei grunnleggande maskinfaga, som mekanikk, maskindelar, teknisk varmelære, konstruksjonsteknikk, motorar og oljehydraulikk.

Utdanninga er bygd opp i nært samarbeid med industrien i regionen. Vestlandet er regionen med mest industri i Noreg, og det er eit kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.

Merk deg at HVL tilbyr denne utdanninga ved fleire <a href= "https://www.hvl.no/studier/studieprogram/maskin/"> studiestadar </a>, og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Undervisningsopplegg

Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy til utrekning, teikning og styring av maskiner og prosessar.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1+ R2 og Fysikk 1

 

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

Informasjon om opptak

: Ikkje opptak i 2019

Karrierevegar

Vel du ei utdanning som maskiningeniør, får du ei generell ingeniørutdanning som gjer at du kan få jobb innanfor ei rekke fagfelt. Du kan arbeide mellom anna med konstruksjon, prosjektering, drift og vedlikehald.

For maskiningeniøren er det gode jobbar mellom anna i industrien, oljerelatert verksemd, offentleg verksemd, privat konsulentverksemd og salsservice.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Danmark, Storbritannia, Spania, USA og Canada.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger