× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Undervisning og læring, spesialisering i spesialpedagogikk, matematikk eller norsk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Mastergraden har tre valbare spesialiseringar. Spesialiseringa i norsk og matematikk er innsikta mot arbeid i skulen. Spesialiseringa i spesialpedagogikk er innsikta mot arbeid både i barnehage og skule. Hovudmålet med studiet er å gi studentane solid kompetanse for arbeid på dei respektive områda i barnehage og skule. Oversikt over samlingane for studieåret 2019/2020 finn du her        

Studienivå

Master, 2 år

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Master i undervisning og læring gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter på dei områda studentane spesialiserer seg. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4380 (matematikk), 4382 (norsk), 4384 (spes.ped.)