× Denne sida er ikkje tilgjengeleg på målforma du har valt.

Spesialpedaogikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Fleire barn, unge og vaksne står i fare for å bli marginaliserte på grunn av aukande forventningar og krav til individuelle prestasjonar og meistringar. Dette har ført til eit større behov for spesialpedagogisk kompetanse på alle nivå i opplæringssystemet. Slik kompetanse er viktig for å avdekke spesielle behov i opplæringa og for å utvikle opplæringstilbod som er betre tilpassa barn, unge og vaksne som strevar. Det blir lagt stor vekt på inkludering i utdanningsinstitusjonane og i samfunnet elles. Denne kompetansen er viktig både for ordinær opplæring og spesialpedagogiske tilbod.

Studienivå

Master, 2 år

Søknadsfrist

15. april 2020

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Studiet skal gi studentane brei praktisk, teoretisk og kritisk kunnskap om opplæringa i barnehage og skule, med særskild merksemd retta mot spesialpedagogiske tiltak. Målet er å gi kompetanse i ulike faglege tilnærmingar med særleg vekt på å støtte dei barna og elevane som strevar åtferdsmessig og/eller fagleg i opplæringa. Studentane skal også bli vel kjende med dei aktuelle spesialpedagogiske støttesystema. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Oversikt over samlingstidspunkt studieåret 2020/20201 finn du her. 

Undervisningsopplegg

Undervisninga er samlingsbasert. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, arbeid i mindre grupper, feltarbeid, studentseminar og oppgåveskriving. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Informasjon om opptak

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4384